Samvitet mitt er ikkje som det burde vore. Nei, det er slett ikkje som det burde, det er heller ikkje slik det var. Men det kan vere fordi eg hadde fleire som meinte eg burde ha dårlegt samvit – før. Men no er det berre eg som vel om eg skal ha godt eller dårleg samvit. Kvifor vert det likevel dradd inn mot minus? Eg kunne jo gått rundt og strålt med særs godt samvit! Men gjer eg, det? Sidan eg spør slik så er det vel tydeleg at mitt samvit ikkje er akkurat slik eg tykkjer det burde vere. No er det jo slik at samvit er ein ikkje født med. Det er lært. Det er min gode mor som har strikka mitt samvit – og litt min far. Hadde dei visst kor dette skulle plage deira avkom, så hadde dei nok tenkt seg om. Viss eg prøver steinhardt innimydlo så kanskje mitt samvit vert betre eller kanskje det forsvinn? Ja, det hadde vore noko, om mitt samvit berre hadde hoppa over på ein annan omlag som flotten. Trur eg satsar på det. Rett og slett gå inn på eit stappfullt kjøpesenter og ristar samvitet mitt over på nokon som ser ut som dei treng det. .